1914

Opphavet

På Teigane på Nerlandsøya vart i åra 1914-1915 grunnlaget lagt for det som seinare skulle verte Teigenes reiarlaget. I 1914 kosta Karl Teige og sønene hans, Karl, Lars, Isak, Knut, Antoni, Elias og Bernhard, nybygget “Kaston” (40 fot), og året etter kosta dei endå ein ny båt, “Delfin” (42 fot). Kaston var utstyrt med ein “Hein” på 20 hestekrefter, medan Delfin var utstyrt med ein “Alpha” på 18 hestekrefter. Begge båtane vart bygde på Brastad i Romsdal.

1957

Første Stålbåt/Blåbåt

I 1957 kom den første stålbåten til Teigenes-reiarlaget, som også var blå. Dette var den andre Teigenesbåten i rekka. Skroget var bygd av J.Johanesen Sveiseverksted i Brattvåg, medan Brattvåg Skipsinnredning stod for resten av nybygget. Båten kosta om lag kr 750 000, den var 99,5 fot lang og var utstyrt med ein “Alpha diesel” med 310 hestekrefter.

1985

Den FJERDE TEIGENES

I 1985 vart den fjerde Teigenes overlevert frå Drammen Slip & Verksted i Drammen. Den kosta kr 35 000 000 , var 57,2 meter lang, lasta 13 000 hektoliter og var utstyrt med ein “Bergen diesel” på 3000 hestekrefter.

2018

Deling av rederiet

I løpet av hausten 2018 bestemte reiarane seg for å dele opp rederiet. Sigurd Teige med familie tok over MS Sjøbris, medan Knut Teige med familie tok over MS Teigenes. Dei nye eigarane av MS Teigenes er no Terje Teige, Knut Teige og Therese Teige.

1948

Teigenes

I 1947 kontraherte Terje og Kåre, saman med syskenbarnet deira Karl A. Teige, den første Teigenes (71,5 fot). Den vart bygd på Hellands Båtbyggeri og var utstyrt med ein “Alpha diesel” på 130 hestekrefter.

I 1966 kom den tredje båten i Teigenes-reiarlaget. Dette var den første båten som var gul. Hatlø Verksted i Ulsteinvik fekk oppdraget. Den kosta kr 2 500 000, var 139,5 fot lang, lasta 4500 hektoliter og var utstyrt med ein “Alpha diesel” på 880 hestekrefter.

1966

den første gule Teigenes

2005

noverande Teigenes

Ombygging

I løpet av våren 2023 gjennomgjekk MS Teigenes ei stor ombygging for å kunne pumpe fra hekken. Fartøyet blei også pussa og heilmala.

2023

I 2005 kom det femte Teigenes-fartøyet. Skroget blei utrusta i Romania og resten av arbeidet blei fulført av Northern Shipyard i Gdansk. Fartøyet kosta kr 130 000 000. Størrelsen er 75.4 x 15.6., den laster 2000 m3, og er utstyrt med hybridmaskineri som består av både mekanisk og dieselelektrisk framdrift.